KEN GROTLE

Oljemaling, acryl og grafikk

Kunstner – Ken Grotle

Møt Ken hos Kunstmaskina. 

Om

Ken Jonny Grotle blei fødd på Bremanger i 1961, men flytta til Sykkylven som ettåring. Der har han vakse opp blant fjordar og stolte Sunnmørsfjell. Det var mest nede i fjøresteinane han vanka i sin barndom, blant sjølvspikra flåter og gamle færingar trivdast han best. Desse erfaringane kan ein finne igjen i motiva og det flotte lyset som kjem fram i bileta til kunstnaren. Skodda som sig innover land, den vàre stemninga på havet når lyset bryt gjennom skyene, eller haustkledde svaberg og lune vikar som sakte men sikkert må gi tapt for vinteren. 

Dette er eit døme på motiv i biletverda som Ken beveger seg i, men det er nok dei fargesterke og maritime bileta han er mest kjend for.  “Når eg er ute og går, enten i fjøra eller på fjellet, blir eg alltid fengsla av kor raskt naturen endrar seg”, seier Ken. Han lar seg fascinere av overraskande spenningar og overganger frå det rolege og blikkstille til det dramatiske og trolske. Han skaper også bilete i sterke klare farger av forskjellige miljø og inntrykk som han fanger opp i det daglige.

I tillegg til oljemaling og acryl, har Ken arbeidet mykje med diverse grafikk. Ken har utført fleire utsmykkingsoppdrag for både private og verksemder dei siste åra. Ken har sitt atelier i Sykkylven på Vikøyra brygge. Der har han òg galleri- og rammeverksted.

Lokasjon

Ura, Fosnavåg, Sunnmøre, Norge

}

Åpningstider

Torsdag kl. 16-18

Lørdag kl. 11-14

E-post

kunstmaskina@gmail.com